OPNINGSTIDER 2021

I perioden 3.juli – 8.august
Tysdag – Søndag kl 10:00 – 17:00

Ønskjer din skuleklasse eller idrettslag å besøke oss utanfor våre opningstider? Vi har moglegheit til å opne senteret for private grupper. Ta kontakt med oss på e-post kraftogskred@gmail.com! 

Prisar inngang

Inngang utan aktivitet kr 80,- per person
Grupper over 10 stykk 10 % rabatt per person
Skuleklassar innanfor opningstid kr 60,- per person
Skuleklassar/idrettslag/leirskoler utanfor opningstid kr  2000,- per klasse/gruppe
Bedrifter og privatpersonar utanfor opningstid kr  3000,- per gruppe

Prisar aktivitetar

Klatring vegg inne inkl. inngang kr 180,- per person
Rappellering fasade K1 inkl. inngang kr 240,- per person
Rappellering Zakarias kr 990,- per person
Bølgen Escape Room inkl. inngang (enkel – passer barnefamilier) kr 150,- per person
Operasjon Tafjord Escape Room inkl. inngang (mer krevende – ungdom/voksne) kr 170,- per person

Nytt av året er eit online bookingsystem – alle som planlegg å ta turen til oss må bestille inngang og aktivitetar på nett. Grunna COVID har vi begrensa kapasitet på inngang og aktivitetar.

Mat, drikke og gåver

Ved inngangen har vi bord, stolar og benkar både innandørs og utandørs der de kan nyte både varm og kald drikke, is eller noko anna godt.
Vi gjer merksam på at mat og drikke ikkje kan takast med rundt i utstillinga.

I vår gåvebutikk kan du få kjøpt gåver til både deg sjølv eller familie og vener. Vi sel også bøker av lokale forfattarar, blant anna av Astor Furseth som har skreve Dommedagsfjellet, Tafjordulykka – 75 å etter, Skredulykker og Farlige bølgjer.

Parkering

Vi har stor parkeringsplass rett utanfor senteret, og god plass til bussar. Arealet er tilpassa rullestolbrukarar og dei med barnevogn.
Senteret har heis og mulegheit for adkomst i alle etasjar.
Vi har eige HC-WC med babystasjon, og eigen mikrobølgeovn for oppvarming av barnemat i kafeen.

Anna

Vi aksepterer følgjekort.
Vi aksepterer ikkje hundar inne på senteret.
Røyking på eige område.

Vegen hit

Tafjord ligg midt mellom dei store turistattraksjonane Geiranger og Trollstigen, og er innfallsporten til fotturistane sitt eldorado; Tafjordfjella.
Senteret ligg nede i Tafjordbygda, på venstre side av elva, ca 700 meter frå brua. Følg skilting.