Klatring og rappellring

I Tafjord kan du oppleve to av Vestlandets mest luftige opplevelser innen rappellering. På Zakariasdammen i Tafjord kan du rappell frå den 96 meter høge Zakariasdammen, og på gamle kraftstasjon 1 har vi en 15 meter rappell på fasadebygningen. Sjå meir informasjon nedanfor.

Inne på Ville Krefter har vi ein ny og moderne 10 meter høg klatrevegg som er åpen for besøkjande. Vi har både klatreselar og utstyr for store og små.

Sikkerheitsreglar
Alle som skal rappellere må skrive under på sikkerheitsreglane ved oppmøte.
Les godt gjennom desse på førehand. Last ned sikkerheitsreglar for rappelringsaktivitetar her.

Eigenerklæring for bruk av klatreveggen må også skrivast under ved oppmøte. Last ned eigenerklæring for bruk av klatreveggen her.

Velkommen til ein luftig oppleving i Tafjord!  

Rappellering Zakarias-demninga

Bli med på ei adrenalinfylt utfordring frå den kjente demninga til Zakariasvatnet i Tafjordfjella! Kanskje du fekk med deg episoda der Kompani Lauritsen var på dammen og rappellerte?

Rappellen hos oss er ca. 60 meter og tidvis i fritt leie. For å komme deg opp att følger vi ei Via Ferrata rute opp juvet. All rappellering blir gjennomført av kvalifisert personell.

Rappellering på Zakarias må forhandsbestillast.

Pris kr 990,- per rappell. Aldersgrense 15 år/10.klasse. Maks antall personar per dag: 15. Under 18? Husk godkjenning frå foresatt. 

Klatring og rappellering

Tryggleik er vårt største fokus. Vær, vind og vannstand vil avgjere om gjennomføring av rappellering er forsvarleg. På bakgrunn av dette kan forhåndsbestilte turar bli avlyst. Via Ferrata ruta krav at ein er i generell god fysisk form, og på bakgrunn av dette kan personell av sikkerhetsmessige årsaker nekte å rappellere ned personar med manglande kvalifikasjonar eller vektkrav.

Rappellering vil være tilgjengelig for bestilling kvar torsdag-søndag mellom 1. juli og 1. august 2021. Oppmøte kl 10:00 på Zakariasdammen. Utanom senterets åpningstider kan rappellen gjennomførast for grupper. Ta kontakt på e-post for privatarrangement.

Book rappellering via våra online booking!

Rappellering må forhandsbestillast minimum 3 dagar i forvegen, men dersom det er satt opp reservasjonar på ønska dag, kan det være moglegheit for å bli med i siste liten. Ring oss for hurtig avklaring. Avbestilling 7 dager før gjennomføring gir ikkje rett til refusjon. Avlyser vi grunnet sikkerhetsmessige årsaker vil heile beløpet bli refundert.

Rappellering fasade kraftstasjon

Ei spennande og kjekk utfordring for ungdom og dei utan noko særleg klatre-erfaring!

Under senteret sine opningstider vil det være mogleg å rappellere ned frå den 15 meter høge fasadebygninga til Ville Krefter. Dette er ei oppleving for deg som aldri har rappellert før, men som er på søken etter ei større utfordring! Rappellen blir utført av kvalifisert personell.

Rappellering på K1 må forhandsbestillast.

Pris kr 240,- per rappell inkl. inngang. Aldersgrensa er 12 år/7. klasse, og personar under 18 må ha med godkjenning frå foresatt.

Rappellering_k1_tafjord_britt_walle