Velkomen til Kraft- og Skredsenteret i Tafjord!
Midt i Tafjord finn du vårt lokale museum og klatresenter, ein stad der historie, leik og læring går hand i hand. Her kan du kjenne utfordre deg sjølv i klatreveggen med instruktør, la ungane leike seg i buldreveggen, eller suse gjennom den berømte rørsklia. I tillegg er dette ein god stad for å oppdage historiene som har forma regionen – frå Tafjordulukka i 1934 til Operasjon Fieldfare under 2. verdskrig og vasskraftutbygginga. Nytt av året er Villreinhjørnet, der du kan lære meir om livet i Reinheimen nasjonalpark.
Hos oss kan du utforske, leike og lære om naturkreftene på ein engasjerande måte for både små og store. Med naturskjønne turstiar rett utanfor døra, er senteret den perfekte starten på eit eventyr i Tafjord og Tafjordfjella.
Kom innom – her ventar opplevingar du ikkje vil gløyme!