Landslide monitoring and history

Det finst fem forskjellige typar av skred; steinsprang, fjellskred, jordskred/leirskred og snøskred i tillegg til undersjøiske skred i fjordane og på kontinentalsokkelen.

Det mest kjente fjellskredet i vårt område er det vi omtalar som Tafjordulykka då Langhammaren rasa i fjorden natt til 7. april 1934.

Du kan også lese meir om skred her:
Fjellskred i Norge
Norges største fjellskred
Loen-ulykkene

Tafjordulykka

Natt til 7. april 1934, var katastrofen eit faktum for dei vesle bygdesamfunna Tafjord og Fjørå.
Eit massivt skred på rundt 3 million kubikk utløyste ein tsunami i fjorden som tok livet av 40 menneske då bølgjer opp til 17 meter høge slo inn over land.
Dette var ei stor tragedie for folket langs fjorden, og ein kan knapt forstå dei øydeleggingane som viste seg då dagslyset kom.

Senteret har laga ei eiga utstilling og oppleving om Tafjordulykka som vi har kalla «Dommedagsfjellet – ei tidsreise». Denne kan opplevast alle dagar.

Du kan lese meir om Tafjordulykka her.

Skredsalen

Mykje har skjedd sidan 1934. Skredfare må vi framleis leve med, men allereie i 1986 vart det sett i gang overvaking av det ustabile fjellpartiet Åkneset i Stranda kommune. I 2001 vart også Heggurdaksla i Norddal kommune innlemma i overvakinga, og Åknes/Tafjord Beredskap IKS vart etablert i 2008.

Sidan 2008 har beredskapssenteret hatt ei viktig rolle i overvaking av farlege fjell fleire stader i Norge, deriblant også fjellpartiet Mannen i Rauma kommune.
Selskapet er lokalisert i Stranda kommune på Sunnmøre og er eigd av kommunane Stranda, Norddal, Rauma, Stordal, Ørskog, Sykkylven, Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune.

1. januar 2015 vart Åknes-Tafjord Beredskap IKS innlemma i NVE, seksjon for fjellskred. Arbeidet held fram som før, og lokalitetane er framleis på Stranda.
Ville Krefter i Tafjord og NVE har inngått ei avtale om tilgang til informasjonen som blir henta inn i samband med overvakinga, og resultatet av dette kan ein få sjå i skredsalen. Ein kan også sjå korleis arbeidet med overvaking går føre seg og ikkje minst få med seg korleis fjellsprekkene utvidar seg både i Åknes og Mannen.

I skredsalen har vi mykje du kan leike med, lære av og oppleve. Ute kan du også lage flodbølgjer i eit eige eksperiment.

  • Eksperiment – Lag ditt eige fjellskred
  • Eksperiment – Lag ditt eige leirskred
  • Eksperiment – Lag di eiga flodbølgje (ute)
  • Eksperiment – Finn ut kor mykje Åknes-remna utvidar seg
  • Dommedagsfjellet – ei tidsreise tilbake til 1934
  • 20 meter lang boreprøve frå Åknes
  • Overvaking av Mannen og Veslemannen
  • Filmar frå Åkneset
  • Filmsamandrag av filmen ”Bølgen”