Vasskraft og energi

Naturen rundt Tafjord er vill, vakker og storslegen med fjellsider som går 1800 meter rett opp frå fjorden. Fjella er til stor nytte for straumproduksjonen, og i dag er store områder i Tafjordfjella bygd ut med totalt 8 kraftstasjonar som fangar opp eit nedbørsfelt på omkring 388 km2 der 80 % av dette området ligg høgare enn 1000 moh.

Tafjord Kraftproduksjon AS vart etablert i 1917, og den første kraftstasjonen i Tafjord stod ferdig i 1923. Stasjonen var i drift heilt fram til 1989, og husar mykje historie.

Zakariasdemninga

Betongdemninga ved utløpet av i Zakariasvatnet er 95 meter høg og var i si tid den høgaste i Noreg, og har blitt ein turistattraksjon. Zakariasdemninga er med 70 millionar m3 den største magasinet i Tafjordfjella. Det tek ca 15 minutt å køyre frå kraft- og skredsenter til Zakariasdemninga.

Vi har også endeleg fått på plass Norges råaste rappellering ned demninga. Les meir om dette under Klatring og rappellering.

Utforsk

Gamle Tafjord 1 vart stengt i 1989 og omgjort til museum. Alle dei originale maskinene står att i den imponerande maskinhallen, og sjølve hallen har blitt til dels oppgradert til å huse det nye senteret.

Vannturbinar og maskiner står side og side og viser krafthistorie medan projeksjonar på vegg tek det historiske inn i notida.

  • Maskinutstilling, original utstilling frå 1923
  • Historiske bilete og utstilling av utstyr og reiskap
  • Projeksjonar og lydkulisser
  • Rørgate
  • 20 meter lang rørsklie
  • Klatrevegg med 10 ulike ruter
  • Filmar med historisk tilbakeblikk