KLATREVEGGEN OG SO iLL BULDREVEGG

I maskinhallen på Kraft og Skredsenteret i Tafjord finn du ein av dei beste klatreveggane i indre-fjordstrøk. Veggen er 10 meter høg, og har passande ruter til dei fleste nivå.

I maskinsalen kan du både klatre på topptau, led-klatre eller bulde på SoIll-board.

Klatreveggen er aktiv i bruk heile året av Fjord Klatreklubb, og blir skrudd om ca ein gang i året.

 

PRISAR  I SENTERES OPNINGSTIDER

*prisane under gjelder ved kun klatring i senterets opningstider på sommaren, og ein vil då ikkje få tilgang til resten av senteret. 

Klatring voksen | 120 kr per person

Klatring barn (<16 år) | 60 kr per barn

Medlemmar i Fjord Klatreklubb | 50 kr per person

Leige av sele og sko | 30 kr per person

 

KLATREREGLAR

All klatring, buldring og aktivitet ved klatreinstallasjonane er på eige ansvar. Husk at det er dei på golvet som har ansvar for å ikkje få ein klatrar eller buldrar i hovudet. Alle som klatrar på topptau eller led er sjølv ansvarlig for at sikrar har brattkort eller topptaukort. Aldersgrense 4 år.

KLATREBURSDAG FOR BARN

Hos oss kan du feire bursdag i klatreveggen heile året!

Bursdagsfeiring inkluderar klatring med instruktør, pølse i brød og brus. Kake og dessert kan medbringast om ønskelig.

Resten av senteret vil være avstengt, men dokke får tilgang til klatreområdet, kafeen, sklia og toalett. Varigheit 3 timar.

Pris per barn; 275 kr.

Minstepris: 4000 kr.

KLATRING UTANOM OPNINGSTID

Klatreveggen er open for leige heile året, men krev instruktør tilstade. Ta kontakt dersom du ønskjer å bruke veggen utanom sesong til trening, kurs eller teambuilding med kollega.

Fjord Klatreklubb er aktiv heile året, og har klatrekveldar 1-2 gangar i veka utanom senterets sommarsesong. Besøk deira Facebook-side for oppdatert informasjon.