OPNINGSTIDER 2025

Sommarsesong 2025: 18 juni – 10. august 

Opent onsdag til søndag fra kl 11:00 – 17:00

Stengt mandag og tirsdag.

Open for private event og besøk fra 1 mai til 30 september utanom opningstid. Send oss ein forespørsel på e-post kraftogskred@gmail.com

PRISAR 2025

Enkelbillett inngang 130 kr per person
Familiebillett inngang 450 kr per familie
Enekltbillett inkl. inngang 220 kr per person
Family ticket inkl. klatring 800 kr per gruppe
Enkeltbillett + guida omvisning på senteret 350 kr per gruppe

SKULEKLASSAR UTANFOR SESONG

Ønskjer din skuleklasse, idrettslag eller andre barn og ungsomslag å besøke oss utanfor våre opningstider? Vi har moglegheit til å opne senteret for private grupper. Ta kontakt med oss på e-post!

Kva med å legge leirskulen til Tafjord i år? Vi kan tilby fleire aktivitetar i området, samt overnatting på Tafjord Skule. Meir informasjon kring leirskule kjem her.

For grupper som ønsker tilrettelagte aktivitetar ber vi om å bli kontakta pr e-post minst 1 veke før planlagt besøk.

KRAFTKAFÈEN

Ved inngangen har vi bord, stolar og benkar både innandørs og utandørs der de kan nyte både varm og kald eplemost fra Lingebakken,  kanelsnurra fra lokale bakeri, is eller noko anna godt.
Vi gjer merksam på at mat og drikke ikkje kan takast med rundt i utstillinga.

I vår gåvebutikk selger vi bøker av lokale forfattarar, blant anna av Astor Furseth som har skreve Dommedagsfjellet, Tafjordulykka – 75 å etter, Skredulykker og Farlige bølgjer.

NØDVENDIG Å VITE

Vi har stor parkeringsplass rett utanfor senteret, og god plass til bussar. Arealet er tilpassa rullestolbrukarar og dei med barnevogn.
Senteret har heis og mulegheit for adkomst i alle etasjar.
Vi har eige HC-WC med babystasjon, og eigen mikrobølgeovn for oppvarming av barnemat i kafeen.

KJEKT Å VITE

Vi aksepterer følgjekort.
Vi aksepterer ikkje hundar inne på senteret, men det er mulig for de og være ute på gressarealer.
Røyking på eige område.

KOR FINN DU OSS?

Tafjord ligg midt mellom dei store turistattraksjonane Geiranger og Trollstigen, og er innfallsporten til fotturistane sitt eldorado; Tafjordfjella.
Senteret ligg nede i Tafjordbygda, på venstre side av elva, ca 700 meter frå brua. Følg skilting.