OPNINGSTIDER 2024
Vår 01.mai – 13.juni
Gruppe/privat bestillingar.
Sommar 14.juni – 18.august
Mandag & Tirsdag – Stengt
Onsdag 12:00 – 17:00
Torsdag til Søndag 10:00 – 18:00
Haust 19.august – 20.september
Gruppe/privat bestillingar.
For gruppe- & privatbestillingar, ta kontakt med oss på e-post kraftogskred@gmail.com!
Prisar inngang
Enkelbillett inngang | 140,- per person |
Familiebillett inngang | 400,- per familie |
Grupper over 10 stykk | 100,- per person |
Skuleklassar/idrettslag/leirskular | Fra 3000,- per gruppe |
Bedrifter og privatpersonar utanfor opningstid | Fra 4500,- per gruppe |
Prisar aktivitetar
Klatring vegg inne | 120,- per person |
Rappellering fasade K1 | 180,- per person |
Rappellering & Via Ferrata på Zakariasdammen | 995,- per person |
Guida tur i Tafjord (privat gruppe) | 900,- per gruppe(5) +200,- pr. ekstra pers. |
Guida tur på senteret (privat gruppe) | 500,- per gruppe(2). |
Guida tur på senteret (privat gruppe) | 995,- per gruppe(5) +200,- pr. ekstra pers. |
Rappellering Zakarias (grupper utafor utafor opningstid) | 995,- per person / min 4500 |
Klatring (utafor opningstid) | 200,- per person / minimum 2000. 1200kr/t pr. instruktør om det trengs. |
Mat, drikke og gåver
Ved inngangen har vi bord, stolar og benkar både innandørs og utandørs der de kan nyte både varm og kald ælbemost fra Lingebakken, kanelsnurra fra lokale bakeri, is eller noko anna godt.
Vi gjer merksam på at mat og drikke ikkje kan takast med rundt i utstillinga.
I vår gåvebutikk selger vi bøker av lokale forfattarar, blant anna av Astor Furseth som har skreve Dommedagsfjellet, Tafjordulykka – 75 å etter, Skredulykker og Farlige bølgjer.
Parkering
Vi har stor parkeringsplass rett utanfor senteret, og god plass til bussar. Arealet er tilpassa rullestolbrukarar og dei med barnevogn.
Senteret har heis og mulegheit for adkomst i alle etasjar.
Vi har eige HC-WC med babystasjon, og eigen mikrobølgeovn for oppvarming av barnemat i kafeen.
Anna
Vi aksepterer følgjekort.
Vi aksepterer ikkje hundar inne på senteret, men det er mulig for de og være ute på gressarealer.
Røyking på eige område.
Vegen hit
Tafjord ligg midt mellom dei store turistattraksjonane Geiranger og Trollstigen, og er innfallsporten til fotturistane sitt eldorado; Tafjordfjella.
Senteret ligg nede i Tafjordbygda, på venstre side av elva, ca 700 meter frå brua. Følg skilting.