
Escape room
Vi har to nye og spennande escape room i Tafjord der målet for deltakarane er å løyse praktiske og teoretiske oppgåver innanfor ei tidsramme på 60 minutt inne i eit avstengt rom. Her må ein både tenke og handle innanfor tidsfristen, og aktiviteten er veldig sosial og lærerik.
Begge escaperomma passar for 2-5 personar. Escape room Bølgen passar godt for familiar.
Escape room Bølgen

Klarar du og dine å utløyse alarmen og redde Storfjorden frå ei katastrofe bølge?
Dette rommet er spennande for alle aldersgrupper, men passar fint for vaksne og barn i lag. Målet er å løyse ut alarmen som vil føre til evakuering av innbyggarar langs Storfjorden før den berykta bølgja frå Åkerneset når land.
Escape room Operasjon Tafjord

Kunne du vore krigshelt under 2. verdskrig og kjempa med Kompani Linge? Dette er din sjanse til å bryne hovudet!
Dette rommet passar for deg som likar å løyse gåter og sette saman krypterte beskjedar. Rommet passar for eldre best ungdom og vaksne. Historia tek oss tilbake til 2. verdskrig og motstandsrørsla sine modige handlingar for å frigjere Norge.