Vasskraft og energi

Naturen rundt Tafjord er vill, vakker og storslegen med fjellsider som går 1800 meter rett opp frå fjorden. Fjella er til stor nytte for straumproduksjonen, og i dag er store områder i Tafjordfjella bygd ut med totalt 8 kraftstasjonar som fangar opp eit nedbørsfelt på omkring 388 km2 der 80 % av dette området ligg høgare enn 1000 moh.

Tafjord Kraftproduksjon AS vart etablert i 1917, og den første kraftstasjonen i Tafjord stod ferdig i 1923. Stasjonen var i drift heilt fram til 1989, og husar mykje historie

Zakariasdemninga

Betongdemninga ved utløpet av i Zakariasvatnet er 95 meter høg og var i si tid den høgaste i Noreg, og har blitt ein turistattraksjon. Zakariasdemninga er med 70 millionar m3 den største magasinet i Tafjordfjella. Det tek ca 15 minutt å køyre frå kraft- og skredsenter til Zakariasdemninga.

Frå august 2016 vert det igangsett rappellering ned demninga i regi av Kraft- og skredsenter. Ring oss eller send ein epost dersom du har spørsmål rundt dette, eller ønsker å bestille denne heilt unike opplevinga!

Utstillingar

Gamle Tafjord 1 vart stengt i 1989 og omgjort til museum. Alle dei originale maskinene står att i den imponerande maskinhallen, og sjølve hallen har blitt til dels oppgradert til å huse det nye senteret.

Vannturbinar og maskiner står side og side og viser krafthistorie medan projeksjonar på vegg, den nye 12 meter høge klatreveggen, og det nye «Forskarhjørnet» tek det historiske inn i notida,

Onsdag til søndag i juli vert det forteljarteater i desse lokala der vi får vere med maskinist Andersen rundt i stasjonen i 1937. Meir informasjon om dette kjem.

  • Maskinutstilling
  • Projeksjonar
  • Rørgate
  • Klatrevegg / Buldrevegg
  • Filmrom