Skular og grupper

Ønskjer din skuleklasse, idrettslag eller andre barn og ungsomslag å besøke oss utanfor våre opningstider? Vi har moglegheit til å opne senteret for private grupper. Ta kontakt med oss på e-post!

Kva med å legge leirskulen til Tafjord i år? Vi kan tilby fleire aktivitetar i området, samt overnatting på Tafjord Skule. Meir informasjon kring leirskule kjem her.

For grupper som ønsker tilrettelagte aktivitetar ber vi om å bli kontakta pr e-post minst 1 veke før planlagt besøk.

Bursdagsfeiring

Vi kan tilrettelegge for ei komplett bursdagsfeiring. Mat, drikke, aktivitet og ei gåve til bursdagsbarnet er inkludert.

«Kallen – Klatrebursdag»

Bursdagsfeiringa startar med ein time med klatring i den 12 meter høge klatreveggen med eigen klatreinstruktør.
Etterpå vert det pølsefest, brus og muffins i kafeen før resten av senteret kan utforskast.
Kr 220,- pr barn, alt inkludert, også ei gåve til bursdagsbarnet. (for 5-10 barn)
Minst 1 foresatt må vere til stade.

Ta kontakt med oss på e-post minst 1 veke før planlagt bursdag slik vi kan sette saman den perfekte bursdagen!