Opningstider 2018

26.05-17.06: laurdag-søndag kl 12-17
23.06-05.08: tysdag-søndag kl 12-17
06.08-26.08: laurdag-søndag kl 12-17

Frå 1. mai har vi ope for gruppebestilling både for inngang til senteret, rappellering og escaperom. Ta kontakt med oss på telefon eller epost.

Prisar inngang

Vaksen kr 110,- per person
Barn (2-14 år) kr   80,- per person
Familie (foreldre med barn) kr 300,- per familie
Grupper (over 15 personar) kr   80,- per person
Skuleklassar (berre etter avtale) kr   60,- per person

Prisar aktivitetar

Klatring (i tillegg til inngang) kr 100,- per person
Rappellering fasade (i tillegg til inngang) kr 150,- per person
Rappellering Zakarias* (minstepris 3.500,-) kr 990,- per person
Escape room* 2-5 pers (inngang inkludert) kr 300,- per person
Familiebillett Bølgen Escape* (inngang inkludert) kr 900,- per familie

*Må bestillast på førehand. Ta kontakt!

Mat, drikke og gåver

Ved inngangen har vi bord, stolar og benkar både innandørs og utandørs der de kan nyte både varm og kald drikke, kanskje deilig eplekake med is eller noko anna godt.
Vi gjer merksam på at mat og drikke ikkje kan takast med rundt i utstillinga.

I vår gåvebutikk kan du få kjøpt gåver til både deg sjølv eller familie og vener. Vi sel også bøker av lokale forfattarar, blant anna av Astor Furseth som har skreve Dommedagsfjellet, Tafjordulykka – 75 å etter, Skredulykker og Farlige bølgjer.

Parkering

Vi har stor parkeringsplass rett utanfor senteret, og god plass til bussar. Arealet er tilpassa rullestolbrukarar og dei med barnevogn.
Senteret har heis og mulegheit for adkomst i alle etasjar.
Vi har eige HC-WC med babystasjon, og eigen mikrobølgeovn for oppvarming av barnemat i kafeen.

Anna

Vi aksepterer følgjekort.
Vi aksepterer ikkje hundar inne på senteret.
Røyking på eige område.

Vegen hit

Tafjord ligg midt mellom dei store turistattraksjonane Geiranger og Trollstigen, og er innfallsporten til fotturistane sitt eldorado; Tafjordfjella.
Senteret ligg nede i Tafjordbygda, på venstre side av elva, ca 700 meter frå brua. Følg skilting.