Klatring og rappellring

I den store, originale maskinhallen har vi bygd ein 12 meter høg klatrevegg med 10 ulike klatreruter mot toppen. Vi har klatreutstyr og sikrar alltid med godkjent personell.

Pris kr 100,- pr person for klatring i inntil 1 time.

Rappellering Zakarias-demninga

rapell-zakarias

Er du klar for Norges råaste rappellering?
Endeleg har vi gleda av å tilby alle eventyrlystne muligheita til å klatre over kanten på den nesten 100 meter høge demninga og rappellere 60 meter ned i juvet!
Dette er garantert ei oppleving du aldri gløymer!
Denne opplevinga kjem med atterhald om verforhold. Det blir alltid gjort vurderingar om tryggleik før start, og vi tek atterhald om avlysing dersom forholda tilseier det. Vi utfører alltid rappell med trygge rammer og godkjent personell.

Ta kontakt med oss for bestilling. Kr 990,- pr person (minstepris kr 3500,-)

Rappellering fasade

rapell-fasade

På utsida av bygget kan du rappellere ned den 15 meter høge fasaden på senteret, ei oppleving som passar for deg som aldri har rappellert og for deg som dagleg oppsøker spenning og moro!
Vi utfører alltid rappell med trygge rammer og godkjent personell.

Pris kr 150,- pr rappell.