Escape room

Vi har to nye og spennande escape room i Tafjord der målet for deltakarane er å løyse praktiske og teoretiske oppgåver innanfor ei tidsramme på 60 minutt inne i eit avstengt rom. Her må ein både tenke og handle innanfor tidsfristen, og aktiviteten er veldig sosial og lærerik.
Begge escaperomma passar for 2-5 personar. Escape room Bølgen passar godt for familiar.

Pris pr person ved 2-5 pers: kr 300,-
Familebillett Bølgen Escape: kr 900,-

Kjøper du tilgang til escape room er inngangsbillett til senteret inkludert i billetten.

Escape room Bølgen

escape-bolgen2

Rekk du å løyse ut alarmen før det enorme skredet kjem? Er du klar for å redde Storfjorden frå katastrofe?
Dette rommet er spennande for alle aldersgrupper, men passar fint for vaksne og barn i lag der målet er å løyse ut alarmen som vil føre til evakuering av innbyggarar langs Storfjorden før den berykta bølgja frå Åkerneset når land.

Spesialpris for foreldre med eigne born i dette escaperommet: kr 900,-

Escape room Operasjon Tafjord

escape-tafjord

Kunne du ha vore krigshelt frå 2.verdskrig og kjempa i Kompani Linge? Dette er din sjanse til å levere!
Dette rommet passar for deg som likar å løyse gåter og sette saman krypterte beskjedar. Historia tek oss tilbake til 2. verdskrig og motstandsrørsla sine modige handlingar for å frigjere Norge.